Kven er vi? 

Sogn Industri er eit ingeniørfirma som jobbar hovudsakleg med systemutvikling og innovative løysningar. Vi leverar og multidisiplin ingeniørtenester til eit bredt utval av industrien. Vi leverer nøkkelkompetanse, bindepunkt og problemløysarar til industri prosjekt.

  • Vi har stor kompetanse innanfor og utvikle og lage prosjektgrunnlag for nye og eksisterande system.
  • Vi kan vere ein ressurs i ulike ledd av eit prosjekt, med hovudvekt på prosjektstyring og installasjonskompetanse.
  • Vi er flinke der det er hektiske tilstandar, i ein kaotisk prosjekt tilstand skapar vi orden, kontroll og kvalitet.
  • Vi jobbar målretta for at prosjekt vi er involvert i skal lykkast.

Sogn Industri

Visjon

Vi i Sogn Industri ser fordelen med å ha sterke ressursar i alle ledd. Vi veit kva som skal til for å strukturere eit godt vellykka prosjekt. Sogn Industri lærer opp neste generasjon prosjektleiing slik at ein skal sjå for seg og ta tak i alle ledd. Ved å bruke personar med god systemkunnskap og stadig flytte dei mellom ulike ledd for kvart prosjekt, bygger du eit sterkt fundament til ein sterk prosjektleiar. Ein som lett ser svake ledd og utfordingar og som kan løfte både dei og prosjektet vidare framfor og stagnere.

Ein må sjå ei karriere som ein konstant lærekurve der ein styrker sine svake sider for å gjere sine gode sider sterkare. Om ein berre styrker sine sterke sider er det lett og gløyme det store bildet. Sogn Industri vil bidra til ein positiv utvikling utanfor Petroleumsnæringa. Vi meiner Norge i for stor grad er avhengig av denne næringa og derfor prioriterer vi den minst, sjølv om det er der vi har mykje å bidra med. Sogn Industri er her for å bli. Vi har rett innstilling, brei kompetanse og vi er på rett plass til rett tid. Sogn Industi vil legge til rette for nyskaping og innovasjon på marknadar der det trengs.

Etikk og Intigritet

Sogn Industri har strenge internkrav mot sine ansatte og ressursar. Vi skal framstå som eit eksempel mot andre firma både då det gjeld arbeidsmoral, HMS, og arbeids relasjonar – ISO 26000. Alle tilsette i Sogn Industri plikter seg å følgje dei etiske retningslinjer som selskapet har vedteke. Denne haldninga skal til ei kvar tid vere grunnlaget i alle samarbeid og oppdrag vi er involvert i. Grundig, strukturert og kontinuerleg opplæring vil vere med og sikre at dette blir ein del av kvardagen i Sogn Industri.

Dette vil styrke leiing og tilsette si evne til å kjenne att etiske problemstillingar når dei oppstår og kunne handtere desse i tråd med firmaets verdiar. Sogn Industri tek sterk avstand frå alle typar korrupsjon og påverkingshandel. Vi har sett klar nulltoleranse forankra i dei etiske retningslinjene til firmaet. I situasjonar der tilsette i Sogn Industri blir tilbydt eller avdekker slike tilfelle er det rapporteringsplikt til styret i firmaet.

Ansvar er ein av Sogn Industris kjerneverdidar. Ikkje berre i arbeidet ein gjer men óg i arbeid som skjer rundt oss. Vi har eit godt system for å fange opp og rapportere kritikkverdige forhold så tidleg som mulig. Om vi ser noko som ikkje blir gjort forsvarlig vil vi ta tak i situasjonen å sikrar at vi stoppar hendelsesforløp før skaden skjer.

Samfunnsansvar

Sogn Industri har namnet sitt for ein grunn. Vi vil bidra til at Sogn og Fjordane får positiv industrivekst. Sogn Industri har naturlig tilknyting til Hyllestad kommune, som i mange år har vert prega av fråflytting og nedlegging. Vi vil vise Noreg at det er fullt mogeleg å bygge industri basert utanfor storbyane. Vi kjem til å prioritere HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Gulen og Solund) og prøve å gje tilbake til regionane det dei store selskapa tar med seg ut. Verdiskaping og arbeidslyst har alltid blomstra i Sogn og Fjordane, vi vil gje muligheit til dei som vel og bli, og dei som vil heim igjen.

Vårt mål er å bli ei hjørnesteinsbedrift, men då i fellesskap med mange andre. Om vi ser ein muligheit for at andre lokale firma skal kunne stille med tenester vi treng, vil vi alltid velje lokalt. Vi ser på det som ei samfunnsplikt. Mange bekkar små gjer ein stor Å. Vi betalar for kvalitet, og det får ein her i HAFS. Vi kjem til å bruke våre prosjekt til å skape fleire lokale arbeidsplassar. Etter kvart som vi veks vil alltid lokal kompetanse og tilflyttar kompetanse bli prioritert. Vi vil tilby trygge arbeidsplassar og ein utviklingsmogeligheit få har sett maken til.

HMS og Miljø

HMS står i sentrum for alle prosjekt og alt som skal utførast av Sogn Industri vil vere prega av ein bestemt måte å utføre ein jobb på. Vi er glad i struktur og kvalitetssikring og HMS er ein stor del av rammeverket vi baserar alle våre prosjekt på. Vi jobbar stadig med å tilpasse oss ISO normer og godkjenningar som til dømes: NS-ISO 9001, NS-ISO 10006,HMS Norsok S-006, Achilles JQS, TransQ og Sellicha.

Vi jobbar mot ei ISO sertifisering av heile bedrifta. Dette er ein lang prosess som vi håpar kan vere i mål alt til sommaren 2016. Vår fordel er at vi bygger dei fyrste kvalitetssikrande system på desse normene og vil då få ein enklare og meir strukturert veg og gå alt frå start. Sogn Industri er forplikta til å ta vare på miljøet rundt oss. Vi skal bidra til at firmaet er så grønt som mogeleg. Å gå fram som eit godt eksempel er ei gjennomsyra norm som Sogn Industri legg stor vekt på.